Millioner til etterutdanning av byggenæringa

Publisert

Byggenæringa kan no søke midlar til utvikling av nye, tilpassa og gratis etterutdanningstilbod for næringa. Det er tre tema ein kan søke om: berekraft for byggenæringa, leiing på byggeplass for fagarbeidarar og restaurering av kyrkjebygg.

- Eit prioritert område i BNL er å sikre relevante og effektive etterutdanningstilbod for tilsette i byggenæringa. Utvikling av nye tilbod blir finansiert av "Bransjeprogram for industri- og byggenæring". Gjennom partssamarbeid definerer bedrifter og tillitsvalgte sammen med ein utdanningsinstitusjon korleis nye modular bør sjå ut, både med tanke på innhald, lengde og undervisningsform, seier direktør for kompetanse i i BNL Kjetil Tvedt.  

- Målet med etterutdanningane av fagarbeidarar og funksjonærar er å auke produktiviteten og omstillingsevna, både for bedriftene og den tilsette. Staten bidrar med finansiering av sjølve utdanningstilbodet, og vi ordninga som gjer at vi kan bruke solide kompetansemiljø hos utdanningsinstitusjonar også til etterutdanning. 

Denne gangen er det valgt ut tre tema som særleg er relevante for byggenæringa, les meir om utlysinga og korleis du kan søke på HKDIR sine nettsider.

  

Berekraft for byggenæringa 

Det blir for andre år på rad lyst ut midlar til å utvikle modular for "Berekraft for byggenæringa". Her kan både fagskular, høgskular og universitet søke om midlar. Relevante tema er: Byggeprosess, nye teknologiar, overvatnshandtering, byggemateriale, konstruksjonar (til dømes grøne tak), byggemetodar: Oppdatert regelverk (Pbl/TEK17), krav til ombrukskartlegging og geoteknikk.  

- Grøn omstilling krev ny kompetanse. Her kan næringa vere med på å utforme nye tilbod som legg til rette for omstilling av bedriftene. Vi er allereie i gang med utvikling av ei rekke modular om berekraft for byggenæringa finansiert av tilvarande tildeling i 2023, i følgje Tvedt. 

  

Leiing på byggeplass for fagarbeidarar 

Her skal det utviklast ein modul på 5-10 studiepoeng på fagskulenivå. Målgrupper er fagarbeidarar som er eller skal bli bas/lagleiarar i byggenæringa og fagarbeidarar som ønsker å styrke eigen kompetanse på samhandling, produktivitet og planlegging i byggeprosessen. 

Relevante tema er: produktivitet, leiing på arbeidsplassen og framdrift.  

- Vi ser fram til å få på plass ei fagutdanning for denne store gruppa. Når modulen er ferdig utvikla håpar og trur vi at den kan tilbys ved ei rekke fagskular rundt i landet, seier Tvedt.  

Restaurering av kyrkjebygg 

Som ein følge av skillet mellom kyrkje og stat er det oppretta eit fond på 10 milliardar som skal gå til restaurering av gamle kyrkjebygg. Midlane skal fordelast ut over 20 år, og vil såleis gi eit løft for restaureringa av kyrkjene.  

BNL koplar her kompetansebehovet frå Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirker" frå Riksantikvaren og gir bedriftene anledning til å skaffe seg nødvendig kompetanse for å delta i restaureringsarbeidet. Målgruppa er handverkarar med svennebrev, arkitektar og rådgivarar innanfor bygg. Utdanninga skal gjere desse i stand til å utføre tiltak på bygg slik at det ikkje blir tekniske og kulturhistoriske skadar. 

Tilbodet skal vere på fagskulenivå og omfanget skal vere éin modul på 10 studiepoeng. Opplæringa skal bestå av både fysiske samlingar og digital undervisning. Her har BNL fått god hjelp av organisasjonen Bygg og Bevar til å definere kva innhaldet kan vere:  

Relevante tema er: 

  • Gjennomføring av tilstandsvurderingar i tråd med NS3424, samanhang mellom skadebilete og årsak, samt vurdering av tiltak 
  • Kunnskap om eldre mur, tre og teglkonstruksjonar 
  • Kunnskap om tradisjonelle materiale som kalk, naturstein og materiale av tre 
  • Kjennskap til grunnleggande antikvariske prinsipp slik dei er utforma av Riksantikvaren 
  • Kunne vurdere materiale for reparasjon og ombruk/gjenbruk 
  • Kjennskap til relevant regelverk på området; Kulturminneloven, Plan og bygningsloven, Kyrkjedirektivet 
  • Kjennskap til grunnleggande stilepokar 
  • Kjennskap til organiseringa av kyrkjesektoren 
  • Kjennskap til søknadsprosessar innanfor feltet (Riksantikvaren, Fylket, biskopen mv.) 
  • Kjennskap til databasar for historiske søk 

Søknadsfristen er 5. februar 2024. Har du fleire spørsmål ta gjerne kontakt med kompetansedirektør Kjetil Tvedt i BNL.