- Bra budsjett for fagskulane

Publisert

Foto: Nicolas Tourrenc

BNL er positive til at fagskulane får 500 fleire studieplassar, og at det blir løyvd midlar til ein meir praktisk grunnskule. BNL er derimot skeptiske til at lærlingtilskotet ikkje fullt ut vert inflasjonsjustert og at midlane går til fylka i staden for til lærebedriftene.

Dei statlege løyvingane til fagskulane aukar med 210 millionar kroner, noko som tilsvarar ein auke på 17%. - Ny teknologi og nye krav til bygg må følgast opp med meir kompetanse. Fagskulane er eit ettertrakta og godt tilbod for fagarbeidarar i byggenæringa som vil lære meir på heiltid eller deltid. Dei ekstra løyvingane som i dag blir gitt vil gi 500 nye studieplassar, og byggenæringa ser fram til å fylle sin del av desse seier kompetansedirektør Kjetil Tvedt i Byggenæringens Landsforening (BNL).

Det blir løyvd 127 millionar til praktisk utstyr i klasseromma og 40 millionar kroner til utstyrsstipend for elevar ved vgs. Her er behovet tort, men dette er ein god start. Praktisk læring gir auka læringsutbytte for alle elevgrupper, aukar interessa for yrkesfaga, og er med å sikre at elevar som vil inn på yrkesfag har eit minimum av praktiske evner. I tillegg til pengar trengs det og nytenking rundt korleis ein investerer i undervisningsutstyr. BNL vil spele inn til departementet at ein prøver ut nye ordningar med deling av utstyr mellom fleire vidaregåande skular, til dømes alle skulane i eit fylke.

Lærlingtilskotet blir heller ikkje i årprisjustert fullt ut, noko som reelt gir eit kutt på 66 millionar kroner i 2024. Departementet viser til at midlane blir omprioritert frå tilskott til ymse tiltak i fylka for å "styrke arbeidet for fleire læreplassar". Også i fjor vart lærlingtilskottet kutta, den gang med 105 millionar kroner. – Det er eit viktig prinsipp at lærlingtilskottet tilsvarer den årlege kostnaden ved ein elevplass på vgs. Regjeringa reduserer her overføringane til lærebedriftene, og påfører bedriftene ei ekstra utgift ved å ha lærling. Byggenæringa vil i 2024 ha ein utfordande situasjon med lågare aktivitet. Vi ynskjer likevel å oppretthalde inntaket av lærlingar slik at vi er rusta for å ta igjen etterslepet i boligbygginga når tidene endrar seg, men med nok eit år med nedgang i lærlingtilskotet blir dette krevjande seier Tvedt.

Byggenæringen er inne i ein periode med stadig fleire permitterte. Skal vi greie å behalde desse fagfolka må det satsast på kompetanseheving i permitteringsperioden. Dagens regelverk legg opp til at permitterte må vente i 12 veker før ein kan kome i gang med utdanning. BNL meiner regelverket må endrast slik at permitterte kan starte utdanning frå dag 1.

Regjeringen øker tilskuddet med fagbrev på jobb med 23,2 mill. - Det er positivt at tilskuddet økes. Ordningen er i dag lite brukt. Det er en utfordring med Fagbrev på jobb at den enkelte fylkeskommune ikke plikter å tilby den. I oppfølging av at regjeringen bevilger mer penger til ordningen, burde alle fylkeskommuner bli pålagt å tilby ordningen. I tillegg til Fagbrev på jobb er Praksiskandidat-ordningen et virkemiddel for at flere i byggenæringen skal få et fag- svennebrev. Antall praksiskandidater har over tid vært økende. Det avholdes kun to årlige teori-eksamener for praksiskandidater. Dette trenerer effekten av ordningen. Det bør legges opp til minimum fire årlige eksamener innenfor ordningen, avslutter Tvedt.

BNL vil fram mot høyringa i Stortinget finlese departementet sitt forslag og kome med meir detaljerte innspel som kan bidra til at byggenæringa beheld kompetansen på kort sikt, og aukar den på lang sikt.